søndag, desember 27, 2015

Polarnatt i Ny-Ålesund

Eg har flytta nordover. Til Ny-Ålesund på Spitsbergen, omtala som verdens nordlegaste busetnad. Her er vi rundt 35 personer i vinter som syslar med ymse. Nokre jobbar på ulike forskingsstasjonar, andre jobbar for Kings Bay AS som legg til rette for forsking i og rundt Ny-Ålesund. Desember og januar er lågsesong, men om nokre månader vert det langt fleire innbyggarar i det vesle samfunnet vårt.

No har vi mørketid og polarnatt så langt nord. Polarnatt oppstår når sola står minst seks grader under horisonten heile døgnet. Det er klart at under slike forhold vert det mørkt, og det vesle lyset som er her gjer utruleg mykje ut av seg. Nordlys, månelys og ikkje minst sola under horisonten gjer sitt for å lyse opp polarnatta. Og sjølv i polarnatta har vi tussmørke (skumring) i Ny-Ålesund på dagtid. No finnast det rett nok ulike typar tussmørke, og på våre breddegrader er det på denne tida av året kun astronomisk tussmørke. Men allerede første januar får vi nesten ein time med nautisk tussmørke. Andre februar er det slutt på polarnatta, og 18. februar er mørketida er over.



I dag var det et flott lys mot sør. Lyset var synleg i mange timar, men var på det sterkaste når sola sto på sitt høgaste (tolv grader under horisonten, klokka 12.13). Sollyset treff partiklar (is eller forureining) i atmosfæren.



Dette bilete er teke 23. desember. Månen begynner å nærme seg full. Sjølv med eit tynt skydekke og snøbyger gjer den polarnatta merkbart lysare.



Nordlys fotografert 15. desember. Nordlyset er synlig i et belte rundt nordpolen. Ny-Ålesund ligger så langt nord at lyset hyppigast er observert i sørleg himmelretning.

I dette kvite huset bur eg. Når eg skal fotografere ulike lysfenomen vert dette ofte motivet mitt. Det står vendt riktig i forhold til lysaktiviteten på himmelen, og det er ingen andre bygningar bak huset mitt som vil forstyrre i bakgrunnen på bileta. Og så er det kjekt å ha kort veg heim i kulden ;)


tirsdag, februar 04, 2014

Hønsehauk

I helga var eg så heldig å få låne fotoskjul og fekk fotografere hønsehauk på ein åteplass. Fredagen kom det ein ung hønsehauk som åt og heldt seg rundt åtet i fleire timar. Det var flott å oppleve denne fuglen på så nært hald.


Hønsehauken held til i heile landet og er den største av haukane i vår fauna.
























Hønsehauken er kjapp og jaktar i variert terreng. Med klørne drep den byttet sitt. Både fugl og dyr står på menyen til denne rovfuglen.

























Takk for lån av skjul, dette var stas!

tirsdag, januar 21, 2014

Blåtimen


Østavinden har satt sitt preg på Sunnfjord for tida. Det lille som falt av snø i låglandet blåser vekk, og ny nedbør lar vente på seg. I kveld kom det fine lenticularisskyer (mandelskyer) på himmelen i blåtimen. Bilete er ei dobbelteksponering teke med 300mm. Ei eksponiering med kort lukkartid og høg iso, den andre med tid nok til å bevege kameraet litt.

fredag, juli 05, 2013

Vanskelege forhold

Siste veka har vi hatt både tåke, nedbør og til tider liten kuling. Ikkje noko uvanleg her, men dette har gitt vanskelege fotoforhold. Eg har forsøkt med fluktfoto av Polarlomvi. Motvind og nedbør er ein dårleg kombinasjon, og trass i stor solblender og mitt forsøk på å halde objektivet minst mulig opp mot vinden så er det ikkje til å unngå at linsa etter kort tid er dekka med vatn.

I kolonien har mange av egga klekt, og det er en del trafikk til å frå hylla. Her en polarlomvi med langebarn. Fotografert med 300mm og telekonverter (x1,4).

Alke

Kuling ved Skrinnodden
 
Er spent på kva ein kan få til her på dagar med betre fotolys, utan nedbør og gjerne litt høgare temperatur:)

søndag, juni 30, 2013

Eldste Metten

Jan Mayen sin historie er prega av fangstekspedisjonar frå forskjellege nasjonalitetar og av meteorologiske observasjonar. Sidan 1600-talet og fram til tidleg på 1900-talet har det vore fangstaktivitet på ulike delar av øya. Frå 1921 har Noreg hatt meteorologiske observasjonar frå øya. Men plasseringa av den meteorologiske stasjonen har blitt flytta fleire gongar, så i tillegg til dagens stasjon finn ein tre gamle stasjonar i ulike forfatningar. Den fyrste stasjonen vert i dag kalla Eldste Metten.

Etablering av Eldste Metten var det Ekerold som stod bak. Han kom til øya for å drive med fangst av rev. Etter eit år overtok Det Norske Meteorologisk Institutt (Geofysisk Institutt) drifta av stasjonen. Og etter dette har det vore utført kontinuerlege meteorologiske observasjonar, med eit kort opphald under 2. verdskrig. Eldste Metten var i drift frå 1921-1940 og var plassert på Skrinnodden ved Jamesonbukta. Dette området vert kalla månelandskapet og er prega av lavasand og små steinformasjoner. 



I dag er det kun ei vakthytte frå krigen som står att ved Eldste Metten. Bygningane vart etterlatt og påtent under 2. verdskrig for å forhindre at denne strategiske stasjonen skulle bli overtatt av fienden.

 
Restar av skinnegangen som gjorde ilandføring av gods mulig frå stranda ved stasjonen er framleis synleg.
 

 
Eldste Metten vart forlatt i all hast og utan forvarsel i liten kuling 4. september 1940. Stasjonsbesetninga på seks vart evakuert til skipet "Fridtjof Nansen", husdyra vart skutt og bygningane påtent. Allerede 12. september landa eit tysk fly ved Eggøya og inspiserte restane av den norske stasjonen. Det viste seg at ødeleggelsane av stasjonen ikkje var så omfattande. Flyet tok av etter tre timar og etter dette starta eit "kappløp" for å etablere ny stasjon. 30. september returnerte "Fridtjof Nansen" til Eldste Metten for å foreta ein fullstendig ødeleggelse av stasjonen. Skrinnodden var i ein krigssituasjon ikkje egna som stasjonsområde.
 

tirsdag, juni 25, 2013

Alke

På Skrinnodden på Jan Mayen hekkar det alkefulg. Her finn ein polarlomvi, lomvi, lunde og alke. Ein og anna alkekonge dukkar og opp.

Dette er første gong eg har fått fotografere alke, og etter litt tid og tilvenning fekk eg flotte fotoforhold. Alken er større enn lunde, litt mindre enn lomvi.




onsdag, juni 19, 2013

Lunden på Branderpynten

Jan Mayen er ein viktig hekkeplass for fleire sjøfuglar. Dei siste åra har Norsk Polarinstitutt forska på nokre av artane som held til på øya. I to dagar har eg vore med Erlend og Ola ut i felt og fått både ny kunnskap og flotte fotomuligheter.

Mandag var vi på Branderpynten der måkereir vart registert og antall egg og måkar telt. På Branderpynten held og lundefuglen til, så eg fekk nokre flotte timar på kanten av brinken med supre forhold for fluktfotografering.


Lunden er ein middels stor alkefugl som er lett gjenkjennelig med sitt fargerike nebb. Den er og den einaste alkefuglen som er svart på undersida av vingane.




Eg nytta Canon 5D mark III og 300 mm. Telekonverteren min (1,4) var med og tidvis brukt, men fuglane kom tett på, så den var for det meste overflødig.